I løpet av eit år har prisen på tannfisk dobla seg, til 30 dollar kiloet, det vil seie rundt 250 kroner, skriv FiskeribladetFiskaren.

Det er meir enn nok, ifølge reiar Stig Ervik.

– Vi håper at prisen har nådd toppen. Alle erfaring tilseier at det kjem eit tilbakeslag for prisar som går fort oppover, slik tannfisken har gått, seier Ervik til FiskeribladetFiskaren.

Han meiner prisauken kan forklarast med at det er slutt på piratfisket etter tannfisk.

– Vi har ikkje registrert båtar som fiskar ulovleg der i år, seier Ervik.

Du store størje! Filetering av sværing på Klippfiskakademiet på Ålesund

Ervik Havfiske har tre linebåtar som fiskar i Sørishavet, og er ein av pionerane i dette fiskeriet.

Ervik Havfiske hadde eit godt år i fjor.

– Vi er godt nøgde med 2015, og reknar med at 2016 vert betre. Vi fiska vel for om lag 500 millionar kroner i nord, pluss det i sør, seier Stig Ervik.

Nytt anlegg opna i Dalsfjorden: Applaus for nytt settefiskanlegg