Makrellen har blitt nærast einerådande langs kysten i løpet av sommaren. No i august er det lite anna fisk att, melder fleire fiskarar. Skipper Kurt Ellingvåg på Herøy-båten «Vestbas» fortel at han såg berre småmakrell frå Stad til Nord-Trøndelag. Pensjonert sildebas Jan Andreas Johansen har utfordra politikarane: Gir makrellen økologisk kollaps? spør han i ein kronikk i Sunnmørsposten denne veka.

At norskekysten har blitt oppvekstområde for makrell er ikkje vanleg, seier Petter Geir Smådal, skipper og medeigar på «Smaragd» i Herøy.

Om eit par veker skal dei ut på makrellfiske. Då er ikkje småmakrellen langs kysten interessant. Det er ut i havet dei skal for å finne den store fisken.

Dermed kan småmakrellen, eller piren, stort sett få leve i fred.

– Makrellen er effektiv. Den et det som er framfor snuten på han. Og den flyttar seg dit maten er, seier Petter Geir Smådal.

Eksplosiv auke av makrell

Ute i havet har Smådal sett makrell «overalt» i fleire år.

– Også vi ser ei eksplosiv auke i makrellbestanden som forskarane ikkje greier å fange opp. Eg er litt bekymra over at det er ekstremt mykje av den. Vi har meint i mange år at bestanden må vere sterkt undervurdert av dei som fastset kvotane, seier Smådal.

– Det vi er mest opptatt er ei god forvaltning av bestandane, slik at det blir leveleg for alle typar fisk, seier han vidare.

Ikkje tilhengar av å fiske opp småfisk

Men kva med bestandane langs kysten. Her raderer makrellen ut sild, brisling og tobis, meiner skipper Torfinn Gangstad i Midsund.

Er det mogleg med eit storstilt fiske etter småmakrell langs kysten, slik skipper på Herøy-båten «Vestbas», Kurt Ellingvåg, foreslår?

– Makrellen ved kysten er liten og ikkje så lett omsetteleg. Men den må fiskast likevel. Det er ikkje lov å fiske makrell til mel og olje. Ein dispensasjon hadde hjelpt på, seier Ellingvåg.

Dette har ikkje Petter Geir Smådal så mykje tru på.

– Eg er ikkje tilhengar av å fiske yngel og småfisk. Og det vil sende litt rare signal dersom Norge einsidig skulle begynne å fiske opp pir og levere til mel og olje. Det måtte vere som krisetiltak, men det ville verte veldig rart, meiner Smådal.

– Kva kan gjerast i staden?

– Makrell er ikkje ein lokal bestand. Og det er ein bestand som vi forvaltar saman med andre nasjonar.  Ein må gjere sitt ytste for å få oversikt over denne bestanden, og få kontroll med totalen, seier Smådal.