Tysdag la havforskarane fram nye tilrådingar for kor mykje norsk vårgytande sild som bør fangstast i 2018. Medan råda vart meir enn dobla frå 2016 til 2017, er no anbefalingane ein reduksjon på 41 prosent for neste år. Maksimalt 384.197 tonn NVG-sild er rådet frå ICES.

Slike jo-jo-råd gir store utfordringar til fiskeindustrien, meiner Sjømat Norge.

For makrell og kolmule er det avtalt at kvotenivåa maksimalt kan reduserast med 20 prosent, og maksimalt aukast med 25 prosent frå år til år.

– Dersom vi hadde gjort det same for silda, ville vi unngått situasjonen i år der marknadane blir fylt opp med sild og prisane rasar ned, seier fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge.