Då han drog opp samleteina si med kreps, var den heilt tom.

– Nokon har forsynt seg med nesten ti kilo kreps. Personen kunne like gjerne ha stole lommeboka mi, skriv Ulstein på si facebook-side.

Han har eigen fiskebåt, «Husla» på 35 fot. For tida går det i seifiske i Voldsfjorden. Fisket etter kreps gir likevel ei biinntekt. Det er heller ikkje for alle å fiske med krepseteiner, båten må vere forholdsvis stor sidan teinene er på rundt 130 x 60 cm. Det er altså litt av levebrødet hans som uvedkomande har tatt med seg. Kven som har tatt seg til rette har han visst ingen ide om.

–  Det ligg båtar heile tida og fiskar. Nokre har noko der å gjere, og nokre har ikkje noko der å gjere. Eg har ikkje høyrt noko meir frå andre heller. Og det er vel ingen vits i å politimelde det, eg reknar med at det ikkje blir brukt så mykje tid på sånt, seier han til Sunnmørsposten.

Ein del av krepsen hadde Ulstein også lovt bort. Dermed er han i ein dobbel skvis. Hensikta med å legge melding om dette ut på Facebook er han klar på:

– Kanskje personen kunne lese det og sjå kva han hadde gjort, og tenke seg om neste gong, seier Jan Kåre Ulstein.