Ervik og Carisma slår seg saman

Fiskeriselskapet Carisma Fish i Måløy kjøper seg inn i linebåtreiarlaget Ervik Havfiske på Stadlandet.

Frå venstre: Arild Aarvik, Kåre Furnes, Stig Tore Ervik og Geir Solvåg  Foto: Sindre Blålid Kvalheim/Fjordenes Tidende

Fiskeri

Avtalen inneber at Carisma Fish kjøper seg inn i Ervik Havfiske med ein eigarpost på inntil 25 prosent, melder selskapa i ei pressemelding.

Transaksjonen er planlagt gjennomført i mai månad.

Arild Aarvik, som er eineeigar i Carisma Fish, og også nestleiar i Norges Fiskarlag, blir sentral i det nye selskapet.