I går kom nyheita om at Stig Remøy søker ny lisens for krillfangst. No skal han også bygge ny reketrålar.

Båten skal leverast frå Tyrkia tidleg i 2020. Teikning: Rolls-Royce Marine

Den nye båten er ein kombinert kvitfisk- og reketrålar.

Prisen på båten er ikkje kjend, men fartøyet skal ifølgje Olympic ha norsk utstyr for 150 millionar kroner. Mykje av dette er frå lokale leverandørar på Sunnmøre, mellom andre Rolls-Royce Marine.

Arktis og Antarktis

Fartøyet skal erstatte dagens «Nordøytrål», som vart bygt i 2001.Nybåten får mannskapskapasitet på 29 personar. Den nye trålaren er bygd for operasjon i arktiske farvatn.

– Kompetansen frå Rimfrost vil bli brukt til behandling av biprodukt, går det fram av pressemeldinga frå Olympic.

– For oss er dette eit viktig steg for å forsterke breidda innan vår marine verksemd, der både arktisk og antarktisk fiske vil spele ei vesentleg rolle i framtida, seier Remøy.

Rimfrost er for øvrig selskapet som er involvert i patentstriden med Røkke om behandling av krill.

Hybrid framdrift

Herøy-reder Stig Remøy. Arkivbilde. Foto: Johan Behrentz

– Trålaren er på rundt 70 meter og vil vere full-elektrifisert, med siste teknologi i alle ledd, og med katalysatorar som avgrense utsleppa av miljøgassar. Til saman gjer det trålaren både ekstremt energigjerrig og miljøvenleg, ifølgje Olympic.