I løpet av fem døgn langs kysten av Sogn og Fjordane er det teke opp meir enn 350 garn som fiskarar tidlegare har mista. Også omlag 600-700 meter wire er tatt opp.

Slik forsøker Fiskeridirektoratet å få bukt med skjult beskatning av fiskeressursane.

MS Fiskebank har starta det årlege oppreinskingstoktet etter tapte fiskereiskapar.  På 40 døgn skal dei fare over norskekysten.

Lokalkunnskap

I Sogn og Fjordane hadde berre éin fiskar meldt inn tap. Og frå fiskarlaget i fylket var det ifølgje Fiskeridirektoratet null respons. Men så fekk dei kontakt med lokalkjende som kunne fortelje noko anna.

– Nokre telefonar i forkant av toktstarten og kontakt med ein lokal fiskar som teikna og fortalde over ein kaffikopp ein tidleg morgon vart forløysande for resultatet, seier seniorrådgjevarr Gjermund Langedal ved Fiskeridirektoratet sin utviklingsseksjon.

Han rettar ein stor takk til dei som har bidratt. Også utanfor Mørekysten er det berre éin fiskar som har meldt inn tap av fiskereiskap.

Det var ein Herøy-fiskar som mista ei garnlenke på fiskebanken Mebotnen. Dette tok vi opp søndag kveld, før vi i dag set kursen vidare nordover, seier Langedal til Herøynytt.

– Trur du ikkje det er meir å finne også på Mørekysten som ikkje er meldt inn, slik som i Sogn og Fjordane?

– Heilt sikkert. Men vi kan ikkje leite i blinde og er avhengig av tips. I fjor fann vi 40-50 garn i Breisundet i Herøy. Men ei skikkeleg grundig opprensking har vi ikkje hatt langs Mørekysten, seier Langedal.

Minst ni år

I løpet av 40 døgn dekker dei prioriterte område opp til Varangerfjorden. Dei seinare åra har garnfangsten enda på rundt 1000 garn per år og ei betydeleg mengd av andre reiskapar, opplyser Fiskeridirektoratet.

Toktet er lagt til etter blåkveitefisket. Fiskeridirektoratet reknar med at bestanden av blåkveite er den som er mest skadelidande av dette spøkelsesfisket.

Det er ikkje kjend kor stor den skjulte beskatninga er.

– På djupner under 100 meter blir garna raskt begrodd slik at dei sluttar å fiske. Men dei tar ein del krabbe. Dessutan er problemet at andre fiskarar kan få sine garn hengande fast i gamle.

– På 4-800 meters djupne derimot kan garna stå og fiske også etter åtte-ni år, fortel Langedal.

Dialog framfor bøter

Han understrekar at dei ikkje er ute etter å ta nokon. Sjølv om Fiskeridirektoratet har mulegheit til å gje bøter, er erfaringa at dialog og samarbeid er meir effektivt.

For årets tokt er det for seint å melde inn tap av fiskereiskap utanfor Møre.

– Men med tanke på neste år er det aldri for seint å melde inn, seier han.

Etter eit kort stopp i Kristiansund måndag går ferda videre mot Rørvik og deretter Røstbanken, Vesterålsbankane og Andenes. Tap kan meldast til Kystvaktsentralen på telefon 07611.