Ringnotbåtane ligg nærast i kø for å losse makrell.

– Vi kan ikkje fylle tankane når vi er ute på feltet, då blir det for lang ventetid ved kai, seier skipper Pål Cato Reite på ringbnotbåten Eros frå Herøy.

Torsdag ettermiddag lossar dei hos Norway Pelagic i Selje, og makrellen er lett tilgjengeleg på fiskefeltet.

– Den største forskjellen i år frå tidlegare år er at makrellen går fint samla i stim. Det fine vêret gjer at makrellen samlar seg. Det er ikkje nødvendigvis meir makrell enn tidlegare år, men den er veldig lett tilgjengeleg, seier Reite.

Ringnotbåten Eros har rikeleg med kapasitet om bord. For dei gjeld det å ikkje fangste meir fisk enn at mottaket i land har kapasitet til å ta det unna på éin dag.

Hastemøte

Torsdag innkalla Fiskeridirektoratet til hastemøte, etter at  Kystvakta har observert fleire tilfelle av for store kast.

– Det må nærast kunne reknast som uaktsamt å vere åleine på feltet slik situasjonen no er, vi oppfordrar til at fleire fartøy er på feltet samtidig, seier sjef for Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet, Thord Monsen.

Derfor kalla dei inn Norges Fiskarlag, Fiskebåt og Pelagisk Forening til eit hastemøte torsdag der dei viste til dokumenterte tilfelle av uaktsamt fiske.

For store kast kan likevel bergast ved hjelp frå andre fartøy som har kapasitet.

Stort fiskeområde

Ringnotbåten Eros har så stor tankkapasitet at dette ikkje er eit problem, opplyser skipper Pål Cato Reite.

– Vi kunne gått med 12-1400 tonn. Problemet er å lande den, det tar for lang tid å losse.

Han fortel om godt fiske i eit nokså stort område frå grensa mot Færøyane og 50 mil austover i norsk sone, mellom 63 og 64 grader nord.

– Og fisken har kurs mot kysten av Nordvestlandet, legg han til med eit smil.

Dei gode fangstane sender samtidig prisen ned. For fem år sidan var makrellprisen 12-14 kroner, i dag er den under halvparten.

– Det er ikkje på minsteprisen, men det er ikkje langt unna, seier Reite.