Frivillig. Stortingsrepresentanten frå Midsund reagerer på utspelet frå fungerande fylkesleiar Geir Inge Lien og stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) i Sunnmørsposten måndag.

– Ikkje rasering

– Det er feil. Det mitt parti ynskjer, gjeld forenkling, modernisering og tilpassing, seier Helge Orten.

– Men er Senterpartiet bakstreversk?

– Det er ikkje gitt at gårsdagens løysingar alltid er det som vil gjelde i morgon. Det gjeld både fiskeri og strukturkvotar og kommunestruktur. Så svaret på spørsmålet vert nok ja, seier Helge Orten.

Følg smp.no på Facebook

Han reagerer på Senterpartiet både teiknar eit skremmebilde og tyr til faktafeil når det gjeld deltakarlov og fiskesalslov.

– Når det gjeld strukturkvotar er det ikkje snakk om rasering av arbeidsplassar, men å tilpasse ringnotnæringa for framtida, seier Helge Orten og legg til:– Då gjeld det å skape enkle og føreseielege rammevilkår.

– Skyt langt over mål

Også styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest reagerer på påstandane frå Senterpartiet i Møre og Romsdal. Det går fram av ei pressemelding som er sendt ut.

– Senterpartiet skyt langt over mål når dei hevdar at fleire hundre arbeidsplassar vil gå tapt som følgje av forslaget frå regjeringa om å tillate noko meir strukturering i ringnotflåten. Forslaget er i tråd med eit samrøystes kompromiss på årsmøtet i Fiskebåt, den dominerande organisasjonen for havfiskeflåten. Norges Fiskarlag støttar også forslaget, seier Leinebø.

– Alt som før

Han minner om at det uansett er frivillig om reiarlaga vil bruke ordninga.

– Senterpartiet ønskjer at alt skal vere som før, men det går ikkje. Dei siste par åra har det vore sviktande inntening og redusert driftstid i ringnotflåten. Dersom dette varer ved, vil det uansett føre til ein reduksjon i talet på tilsette i ringnotflåten ved at stadig fleire fartøy må gå bort frå toskiftsordninga. Fiskebåt meiner at ein auke i kvotetaket vil gje økonomisk grunnlag for at fleire fartøy kan vidareføre toskiftsordninga og dermed tryggje arbeidsplassar, seier Leinebø.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

– Miljøtiltak

Styreleiaren i Fiskebåt Vest ser også på auka kvotetak som eit viktig miljøtiltak, noko som vil redusere utsleppa av skadelege miljøgassar.

– Betre driftsgrunnlag kan også opne for miljøvennleg gassdrift i ringnotflåten, seier Paul Harald Leinebø.

Han minner om at i landbruket, som Senterpartiet har eit stort hjerte for, har det skjedd enorme strukturendringar i form av nedlagde gardsbruk og omfattande sentralisering. Dette har skjedd når Senterpartiet har site med regjeringsmakt.

– Strukturendringar skjer i alle næringar. Ei moderat strukturendring som no ligg på bordet, vil ikkje føre til den raseringa som Senterpartiet spår, seier Leinebø.

Han er også undrande til påstanden frå Senterpartiet om at statsråden har bestemt seg for å fjerne deltakarlova og fiskesalslova: – Ho har opplyst på møte her i distriktet at ho først vil ta stilling til dette seinare, seier han.

Helge Orten (H) tykkjer Senterpartiet er bak-?streversk i fleire saker.
Styreleiar Paul Hareld Leinebø i Fiskebåt Vest seier Senterpartiet skyt over mål.