– Dette er i samsvar med det styret i både Møre og Romsdal Fiskarlag og Norges Fiskarlag har vedteke, seier dagleg leiar Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Men det var eit til dels sterkt mindretal i fiskarlaga som gjekk imot endringa, fordi dei meinte at lønsemda i ringnotnæringa er så bra at denne endringa ikkje var nødvendig.

Les også: Gode marginar for ringnot

Kvotetaket er ein nøkkel for å rekne ut kor mykje kvar enkelt båt kan fiske av den samla fiskekvoten som er tildelt gruppa. Vedtaket inneber vel 30 prosent høgare kvotetak i begge gruppene. Ringnot har hatt uendra kvotetak sidan 1996.

Gledeleg

Styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt seier til eiga informasjonsteneste at endringa er gledeleg.

– Dei fartøyeigarane som finn det formålstenleg, får med dette høve til å auke kvotegrunnlaget sitt. Strukturendring er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit nødvendig verkemiddel for å oppnå tilfredsstillande lønsemd, seier Tore Roaldsnes.

Nokre få

– Nokre få har posisjonert seg for dette for fleire år sidan, dei vil nok gjere seg nytte seg av dette. Men mange med 650 tonn synest dei sit med eit greitt driftsgrunnlag, seier leiaren av Herøy Fiskarlag, Stig Arne Sævik.

Herøy Fiskarlag gjekk med stort fleirtal imot heving av kvotetaket, då saka var til høyring i haust. Dei meiner den direkte linken mellom auka lønnsemd og auka strukturering er svært svak i ringnot, på grunn av dei store kapitalkostnadane som strukturering dreg med seg. Prisen for 100 basistonn er i overkant av 70 millionar kroner.

– Eg trur at det er dei som har sterk økonomisk ryggrad som kan gå inn på strukturering, seier Sævik.

Færre fiskarar

– Etter kvart kan nok dette medfører at det vert færre fiskefartøy, men dei som vert att får betre lønsemd. Det kan medføre færre fiskarar, men vi kan også få betre skiftordningar, seier Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Frå Fiskebåt vart det tidlegare argumentert med at dei også treng dette verkemiddelet for å hevde seg med utlendingane på havet.

– Det er frivillig å bruke ordningane. Ingen vert pressa ut av næringa sjølv om kvotetaka aukar. Endringane får heller ikkje noko å seie for dei andre fartøygruppene i norsk fiskeri, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.