Onsdag er fiskebåten Fjellmøy på veg heim frå Røstbanken med skrei og torsk.

– Det har vore eit eventyrleg fiske på Røst. Vi fekk 27 tonn på 120-140 garn.

Det vanlege er rundt 500 garn for å kanskje greie å fangste så mykje.

– Og kvaliteten er topp. Det er kjempestor, fin fisk, seier Stig-Jarle Ervik, skipper på Fjellmøy.

Rekordår

Brutto fangstverdi så langt i år ligg 80 prosent over fjoråret. Også fjoråret var det beste så langt for Fjellmøy.

– Vi har ei forbetring på meir enn 11 millionar kroner i brutto fangstverdi samanlikna med same periode i fjor. Også fjoråret var vårt beste år. Så vi er ikkje hengehaud, seier Stig-Jarle Ervik, skipper og hovudaksjonær.

Torsdag morgon leverer dei fangsten på Nils Sperre på Ellingsøy. Så er garnfisket etter torsk og sei over for denne sesongen, for mannskapet på 16 om bord på Fjellmøy.

Ervik fortel at dei byrja sesongen ved Shetland, deretter ved Mørekysten, vidare på Haltenbanken og no sist på Røstbanken.

– I år har det klaffa for oss både med kvantum og prisar. Det er sjeldan, seier skipperen.

God investering

Før årets sesong investerte dei i fryseri om bord og dobla frysekapasiteten. Det gjer at dei kan levere fisk med enno betre kvalitet.

– Fryseriet har gått nesten på 100 prosent heile vinteren. Det har vore ei fornuftig investering.

Utan denne investeringa trur han innteninga hadde blitt lågare.

– Men eg trur at dei fleste i vår gruppe har hatt tidenes beste år så langt i år, seier Ervik.

Kvotene på sei har gått ned dei seinare åra, og fisken har i år blitt selt til svært gode prisar.

– Vi har fått rundt 17,75 for seien dei siste turane. I fjor var prisen 14,50.

Vurderte å gje seg

For nokre år sidan var prisen for sei nede i det halve. Då var det tett på at Stig-Jarle Ervik la heile seifisket på is. No er han glad dei ikkje gjorde det.

– Seien har vorte ein meir populær fisk å ete. Og det er mangel på torsk. I tillegg er det gunstige valutakursar.

Om bord sløyer og kappar dei fisken, og fryser den i blokk.

Og til middag om bord går det i fisk.

– I dag har vi seibiff. Seibiff med løk og brunsaus. Og diverse tilbehøyr: gulrot og av og til litt andre grønsaker.

Les fleire fiskerinyheiter på Smp.no

Høge prisar

Hos Nils Sperre på Ellingsøy stadfester dei at etterspurnaden etter sei går opp. Fisken som Ervik leverer går til klippfisk.

– Seien som han leverer her går til Brasil, Santo Domingo og Jamaica. Torsken går på Portugal, seier Odd Arild Sperre.

Dette blir i hovudsak selt til hausten, inn mot julehøgtida. Men Sperre syns prisane er blitt for høge.

– Det er ei generell tru på at behovet for råstoffet vil vere der. Men det er ein viss risiko å kjøpe på desse nivåa, seier Odd Arild Sperre.

Ny sesong

Mannskapet til Stig-Jarle Ervik blir ikkje lenge i land for å slappe av sjølv om innteninga har vore rekordbra.

– No er det heim til Stadlandet for å rigge om til line. Så er det linefiske på fiskebankane etter lange og brosme.

– Og kva for fiskebankar skal de til?

– Det kan du spørje om. Vi skal dit fisken dit bur…