– Sjølv med svært mykje makrell i havet ser vi oppblomstring også av andre fiskeartar, seier Stig Arne Sævik i Herøy fiskarlag.

I går sa pensjonert forskar Johannes Hamre at økosystemet i Nordsjøen står i fare for å kollapse. Han meiner makrellen bør fiskast kraftig ned – og fisket etter tobis bør stoppast heilt.

Les også: Kan støvsuge havet etter fiskeyngel

No får han motbør både frå fiskarar og forskarar.

Makrell

I fjor sommar vart det observert makrell på eit område seks gonger større enn Norges landareal. Både fiskarar og forskarar har sagt at makrellen er i stand til å støvsuge havet for mat, slik at det blir mindre plass til andre fiskeslag.

Men bildet er ikkje eintydig.

– I fjor såg vi ei oppblomstring av fleire fiskeslag i Nordsjøen, seier Stig Arne Sævik til Herøynytt.

– Det ser ut som at det er god mattilgang der for både nordsjøsild og tobis. I fjor var det ei veldig oppblomstring i brislingfisket også. Eg trur det må vere god tilgang på mat i Nordsjøbassenget, seier Sævik.

Lyspunkt

No går også fleire forskarar ved Havforskingsinstituttet ut og gir Hamre motbør.

– Bildet er dynamisk og komplekst. I løpet av dei siste åra har vi hatt ei positiv rekruttering av fleire artar i Nordsjøen, særleg tobis og øyepål, og også nordsjøsild, hyse og torsk, så det finst absolutt lyspunkt, seier havforskar Leif Nøttestad.

Han forklarer dette med betre tilstrøyming av næring inn i Nordsjøen.

– Det vart registrert noko høgare dyreplankton- og planteplanktonmengder i Nordsjøen i 2014, som saman med varme temperaturforhold i Nordsjøen truleg har gitt større mattilgang og betre gyting, seier havforskaren.

– Og sjølv om overfiske i Nordsjøen tidlegare har vore ei årsak til reduksjon av sentrale fiskeartar langs kysten og endringar i økosystemet, er naturlege klimatiske svingingar, periodiske syklusar og høgare sjøtemperaturar sterkt medverkande årsaker til dagens situasjon, skriv forskarane ved Havforskingsinstituttet i ein artikkel som dei fredag ettermiddag la ut på nettsida Imr.no.

Her hevdar forskarane også at dei store mengdene makrell er ei velsigning for verda. Makrellmengdene er også eit teikn på at heile fiskeriforvaltninga er betre enn før, meiner dei.

Sjøfugl

Mange av sjøfuglartane opplever no tøffe tider i store deler av Nordaust-Atlanteren. Det er mindre fisk langs kysten.

Særleg tobis, eller sil, er ein svært viktig fisk for at sjøfugl skal greie å ale fram ungar.

Men full stopp i tobisfisket i Nordsjøen er ikkje aktuelt, meiner leiaren av Herøy fiskarlag, Stig Arne Sævik. Han er slett ikkje uroa på den vesle fisken sine vegne.

Kvotane i år blir også høgare enn i fjor. I fjor var den foreløpige kvoten 30.000 tonn, før den vart auka til 90.000. I år er den foreløpige kvoten heile 100.000 tonn.

– Kanskje det endar på 150.000 i år, seier Sævik.

Null betydning

Sævik trur heller ikkje at tobisen ute i Nordsjøen er den same tobisen som finst langsmed kysten.

– Tobisen er stasjonær. Eg trur at tobisen har lokale bestandar langsmed kysten, der det er botn og djupne til at den kan leve, meiner Sævik.

Dermed har ikkje fisket i Nordsjøen konsekvensar for hekkande sjøfugl langs kysten, meiner han.

Dette er vanskelege spørsmål, medgir Nils Roar Hareide, leiar ved Runde Miljøsenter.

– Det er mange ubesvarte spørsmål for tobis, som genetikk, vandringsmønster og larvedrift, sa Hareide i går.

Nei til fiskestopp

– Men er det ikkje eit poeng å vere 'føre var', stoppe alt tobisfiske, og heller la tobisfiskarane få meir makrell, som det likevel er rikeleg av?

Det er rundt 30 båtar i Norge som har lov til å fiske tobis.

– Nei, det er ikkje ei aktuell problemstilling. Eg trur det blir veldig vanskeleg å få til ei rettferdig ordning for alle båtar, meiner Sævik.

Følg Herøynytt på Facebook

Stig Arne Sævik er leiar av Herøy fiskarlag. Foto: Privat
Arkiv. Leif Nøttestad leier forskinga på makrell ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Foto: Havforskingsinstituttet
Forskingsleiar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter. Foto: Marius Rosbach