Dette seier Aase Smådal Nyberg etter å ha klaska sjampanjeflaska mot den smaragdgrøne skutesida på flunkande nye «Smaragd» på Leinevika i Herøy. Dåpen gjekk føre seg laurdag i middagstider – til hornmusikk og velvalde ord.

Multibåt

Men først var det omvising for alle interesserte om bord. Minst eit par hundre personar hadde møtt opp for å sjå det nye vidunderet i havfiskeflåten i Herøy. Båten er rigga for så vel snurpenot, trål og til forskingsoppdrag. Ein multibåt med andre ord, og med dei mest moderne løysingar i alle funksjonar.

Smådal

– Det er første gong eg har hatt eit så ærefullt oppdrag, sa den bunadskledde gudmora til Sunnmørsposten etter fullført oppdrag.

Skuta har blant anna overbygd shelterdekk, innebygd notbinge og pumping av trål frå over hekken, i tillegg til det mest moderne utstyr for fiskeleiting.