Makrellstørje vert kalla den dyraste fisken i verda, men det er nok litt overdrive. Selje-båten «Hovden Viking» har tatt den største fangsten av makrellstørje sidan 50-talet på Møre-kysten. (Les om fangsten og sjå bilda)

– Det har vore snakka om at fiskarane kan få tusenvis av kroner for kvart kilo. Men det er langt unna verkelegheita, ifølgje dagleg leiar Steven Jensen ved Snorre Seafood på Raudeberg.

Han har kjøpt dei 21 makrellstørjene frå «Hovden Viking». Kva fiskarane sit att med veit han ikkje før fisken er seld vidare.

– Det er snakk om 100-200 kroner kiloet, seier Jensen. I så fall er førstehandsverdien ein stad rundt 500.000 kroner.

Sushi

Fiskane skal seljast i Norge, og på kjøparlista står først og fremst sushi-restaurantar.

– Vi reknar også med at det vert distribusjon gjennom Lerøy og Domstein sine kjeder. Så dermed dukkar nok fisken opp i mange butikkar rundt om i landet om nokre dagar, seier Steven Jensen.

Les meir om makrellstørje her (ekstern lenke)

– Ikkje «millionfisk»

21 størjer på ein gong vart i meste laget.

– Dette er like mykje som det som vanlegvis vert selt i Norge på eitt år. Så marknaden er sprengt. Det hadde vorte betre pris om det berre gjaldt fire-fem fiskar, seier Steven Jensen.

Steven Jensen er ikkje så begeistra for at makrellstørja vert omtala som «millionfisk».

– Det er ikkje bra dersom folk trur at denne fisken er så kostbar. Dessutan får fiskarane overdrivne forventingar til pris, seier Steven Jensen ved Snorre Seafood.

I Norge har det ikkje vore ordinær fangst på makrellstørje på fleire tiår, men i år er det delt ut to løyver for forsøksfiske. Desse båtane har ikkje lukkast i å få fangst. Dessutan er det ein liten bifangstkvote, men no er den brukt opp med god margin.

Under saka kan du sjå klipp frå filmen «Ut Mot Havet» med notkast etter makrellstørje på 1950-talet

Steven Jensen ved Snorre Seafood har kjøpt dei 21 makrellstørjene. Her med ein annan ettertrakta fisk, nemleg breiflabb. Arkv. Foto: Øystein Torheim.