Tar oppdrett på land

I den største tanken til venstre sym fisken. Her vert også vatnet «lufta». I den andre tanken skjer den biologiske reinsinga.
I den største tanken til venstre sym fisken. Her vert også vatnet «lufta». I den andre tanken skjer den biologiske reinsinga.
Onshore Fish Tec på Fiskå meiner dei har funne nøkkelen til å gjere landbasert fiskeoppdrett lønsamt.
Mobil: 90201232
Publisert: 21.02.2011 kl. 07:00
Endret: 21.02.2011 kl. 08:50

– Eg trur havbruksnæringa står ved eit vegskilje, seier Kenneth Brandal, nytilsett administrerande direktør i Onshore Fish Tec AS på Fiskå.

Oppdrettsveteranen med fortid i Pan Fish og Atlantic Cod Farms har tilhøyrt skeptikarane, men no framstår han som nyfrelst tilhengar av oppdrett på land.

Onshore Fish Tec har jobba i det stille med å utvikle eit landanlegg i samarbeid med mellom andre Plany i Gursken, Brimer på Kvamsøy og Global Enviro i Selje. Basert på ein teknologi for resirkulering av vatn, utvikla på Færøyane, har det vore testproduksjon ved Fjord Gadus sitt torskeanlegg på Sigdal ved Fiskå.

– Vi kan dokumentere at det er billegare å opprette laks og torsk på land til fisken er eit kilo, seier Frode Sørdal, dagleg leiar ved Fjord Gadus og ein sentral person i prosjektet.

Halvegs

Allereie dette resultatet opnar opp nye perspektiv for norsk havbruk, som har slite med sjukdom og miljøproblem. Dersom ein ventar til fisken er eitt kilo med å setje han i sjøen er sjøperioden korta ned med fem-seks månader. Det er nesten halve levetida for ein oppdrettslaks

– Oppdrett på land betyr at ein har kontroll med alle miljøfaktorar og problem med sjukdom og lakselus kan minimaliserast. Ein vert kvitt veldig mange av plagene som næringa slit med, seier Frode Sørdal.

Ved å produsere stor fisk på land før han vert utsett kan ein og ta i bruk havlokalitetar, og forandre drifta på fleire måtar.

– Vi kan ha fisken i ei og same merd i sjøen til han er slakteklar. Då slepp ein å flytte fisken, noko som ofte er risikabelt. Det gjer det også lettare å tilpasse seg nye krav om periodevis brakklegging, seier Kenneth Brandal.

Og dette er berre starten.

– Vi har produsert firekilos laks i anlegget. Så det er fullt mogleg å ale fram slakteferdig fisk på land i stor skala på ein økonomisk måte, seier Frode Sørdal, som framhevar at dei har leita etter praktiske og effektive løysingar. – Dette er utvikla av oppdrettarar, ikkje akademikarar, seier Sørdal.

Ei ny tid

Å få lønsemd i landbasert oppdrett har lenge blitt avvist som lite realistisk, men Onshore Fish Tec er eit av fleire døme på at det kjem nye teknologiske løysingar. Men sjølv om dei kan konkurrere med sjøbasert oppdrett når det gjeld driftsøkonomi, så krev landbaserte løysingar større grunnlagsinvesteringar enn oppdrett i sjø.

– På eit eller anna tidspunkt må oppdrettarane spørje seg om kva som løner seg på lang sikt. Eg meiner svaret er meir landbasert oppdrett, og det trur eg dei seriøse aktørane vil sjå. Dette er framtida, seier Kenneth Brandal.

Kenneth Brandal, Frode Sørdal og Arild Skorge inne i fiskefjøsen til Onshore Fish Tec. Foto: Svein Aam
Anlegget vert testa ut med torsk. Foto: Svein Aam

På forsiden nå

Smak av gamle dager

Aktivitetsdag ved Sunnmøre Museum, onsdag 22. februar. Se bildeserie

- Til Viking

Bjørn Helge Riise vil hjem til Norge når kontrakten med Fulham går ut. Ifølge TV2 har han inngått en muntlig avtale med Viking. Les mer

Smittsom sjukdom hos moskus

Fem moskuskalver på Dovrefjell avlivet på grunn av munnskurv. Sjukdommen kan smitte til mennesker. Les mer

Nattestengt på fv 63 Eidsdal - Geiranger

Fra klokka 19, onsdag, på grunn av rasfare. Les mer

Kollisjon stengte Måndalstunnelen

To menn lettere skadd. Tunnelen stengt fra rundt klokka 16.15, onsdag og i rundt halvanna time. Les mer