Styreleiaren i Fiskebåtredernes Forbund etterlyser sterkare engasjement i kampen mot oljeleiting i sårbare fiskeriområde.
Endret: 01.02.2012 kl. 11:08
Fiskebåtredernes Forbund opna sitt årlege representantskapsmøte i Oslo onsdag formiddag med 280 delegatar og gjester.
Les flere næringslivsnyheter på smp.no
Sårbare områder
I sin opningtale var styreleiar Tore Roaldnes opptatt av leiteboring og utvinning i sårbare oppvektsområde for fisk i Lofoten/Vesterålen og utanfor Møre og Romsdal.
– Vi er sterkt kritiske til fleire av dei nye ekstratildelingane av oljeblokker - såkalla TFOar - kloss inntil Mørefelta og Røstbanken. Dette er felt som ligg vest om omstridde område som vil verte hardt ramma av uhell hovudsakleg på grunn av straum og vindretning frå sørvest, sa Roaldsnes.
Det har vore mange konfliktar mellom fiskebåtar og seismikkfartøy, og Roaldsnes foreslo at det bør innførast konsesjonsordning for skip som vil skyte seismikk i norsk økonomisk sone for å få betre kontroll med aktiviteten.
Etterlyste engasjement
Han etterlyste også større engasjement for frå oljeindustrien på banen i forhold til vern av det marine miljøet, og han kom med eit spark til Norges Fiskarlag.
– Eg er lei for å seie dette, men eg skulle ønskje at Norges Fiskarlag kunne vere klarare i kommunikasjonen rundt olje-fisk, sa Roaldsnes.
