Med 35 tonn levande torsk i buken er Herøy-båten Artus tysdag på veg sørover frå Finnmark. Torsken skal setjast i merdar i Lofoten, og forast opp fram til september. Då skal den seljast som fersk kvalitetsfisk.

Torsken er tatt med snurrevad like utanfor Hasvik i Vest-Finnmark. Maskinist Sveinung Sævik om bord på Artus seier dei har kapasitet til å frakte 45 tonn levande fisk.

Sjå video: Her blir fisken pumpa om bord

Å fange torsken når den er enkel å fiske, for så å slakte den når prisane er betre, blir det truleg meir av. I januar firedobla fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) ramma for denne ordninga.

Artus har kvote på 620 tonn. Så langt Sævik kjenner til er det berre éin annan båt frå Nordvestlandet som i dag fangstar på denne måten, Harhaug frå Ålesund.

Startar opp att

Men rett før påske kom Sande-båten Stålegg frå ombygging. Om halvanna veke set dei kursen til Finnmark eller kanskje Bjørnøya. Dei har kvote på knapt 1.000 tonn levandefanga fisk.

– Det er mange år sidan det har vore så positivt trykk i marknaden på levandefanga fisk som no, seier Kenneth Beitveit, ein av eigarane av Sande-båten.

– Og fisken når den hamnar på bordet?

– Det blir fisk med topp kvalitet, seier Beitveit.

Angrar ikkje lenger

Artus vart bygt i 2011, også med tanke på denne typen fangst. Først i år får dei prøvd det.

– Hadde du spurt meg for halvanna år sidan, hadde eg angra på at vi investerte med tanke på levandefanga. Men ikkje i dag! seier Sveinung Sævik.

Her blir levande torsk pumpa om bord, til eit liv i merdar i Lofoten. Sjå video. Foto: Artus
Artus. Foto: Havyard
Stålegg. Foto: Facebook