Modell for modell har dei flagga ut produksjonen til Estland, Latvia og Litauen. No varslar bedrifta at det blir heilt slutt på å produsere møblar i Stordal. Mellom 15 og 20 personar blir sagt opp ved bedrifta.

– Alle våre konkurrentar produserer i dag møblane sine i lavkostland, og det er eit veldig høgt prispress i marknaden. Dette har skapt vanskar for Helland, både når det gjelder sal og inntening, opplyser Helland Møbler i ei pressemelding.

– Det er beklageleg å måtte nedbemanne i eit selskap med mange dyktige og lojale medarbeidarar, seier adm.dir. Joakim Helland.

Helland Møbler produserer og sel møblar til helse- og bedriftsmarknaden. Det er helseinstitusjonar i Norge og Sverige som kjøper dei fleste Helland-møblane. Bedrifta meiner dei må flytte all produksjon til lavkostland for å sikre ei framleis økonomisk forsvarleg drift.

Underleverandørar

Helland Møbler eig ikkje noko i utlandet og har heller ingen tilsette der.

– Vi har valt ut renommerte underleverandørar i Baltikum, der produsentane kjenner til våre produkt og vil bidra til å sikre kvalitet og leveringsdyktigheit for våre kundar, opplyser Helland.

Administrasjon og sal

Administrasjon og sal vil framleis vere i Stordal. I dag arbeider det 12 medarbeidarar med dette i Stordal, samt fire seljarar i andre regionar i Norge og Sverige.

– Flytting av produksjonen til Baltikum vil vere med på å sikre desse arbeidsplassane for framtida og bidra til at Helland Møbler kan konkurrere i marknaden på same vilkår som sine konkurrentar, seier Helland.

Lite overskot

Før jul sa Joakim Helland til Sunnmørsposten at bedrifta i fjor låg an til ei omsetning på rundt 75 millionar kroner, og eit lite overskot.

– Her er det faktisk fullt køyr og haugen på akkurat no for å få ut alt til jul. Ordrane for neste år begynner også å kome inn. Vi har bøkene fulle for januar og februar, sa han like før jul.

– Vi har tru på betre tal for neste år. Det kjem gode signal frå marknaden, og det er fleire store prosjekt på gang innan helsesektoren, sa Joakim Helland til Sunnmørsposten.