Konsernsjef og administrerande direktør i Ekornes, Øyvind Tørlen går av med umiddelbar verknad.

Bakgrunnen for avgangen er ulikt syn på den strategiske utviklinga i selskapet. Dermed var styret og Tørlen einige om at han skulle gå av, går det fram av ei børsmelding måndag morgon.

- Resultat av ein prosess

- Vi har vore gjennom ein prosess, vi i styret og Øyvind saman, der vi i fellesskap fann ut at det klokaste var å skilje lag, seier styreleiar Olav Kjell Holtan til smp.no. Verken han eller Øyvind Tørlen ønskjer å gå nærare inn på kva dei er usamde om når det kjem til strategi.

- Dette er ein avtale vi har oss mellom, og ein avtale eg tenkjer å halde. Så får det eventuelt bli litt spekulasjonar, seier Tørlen.

Jul først

- Har du konkrete planar om kva du skal gjere vidare?

- Nei. Eller det vil seie: No skal eg vere med på juleførebuing og julefeiring og slappe av saman med familien. Så får vi sjå etterkvart.

- Vil du seie noko om ein eventuell fallskjerm?

- Det finst ingen. Og det er i samsvar med avtalen, seier Tørlen. Han tok til i jobben som konsernsjef for Ekornes i juni i 2009, etter to år som viseadministrerande direktør.

- Ante ingenting

For dei tilsette kom det at konsernsjefen går av som ei stor overrasking. Det seier Asbjørn Sjåstad, hovudtillitsvalt ved bedrifta i Sykkylven.

- Eg for min del ana ingenting. Dei tilsette vart først orientert på eit møte klokka 09 måndag, seier han.

- Har du inntrykk av at folk er misnøgde med det som har skjedd?

- Det har eg ikkje snakka med nok til å ha noko formeining om. Men overraska er eit dekkjande ord. Også for eigen del. Eg synest vi har hatt eit godt samarbeid i forholdt til det vi har arbeidd med, nemleg å betre produktiviteten og slik betre konkurransevna, og er difor svært overraska over, seier han.

Drabløs inn mellombels

Tidlegare administrerande direktør Nils-Fredrik Drabløs (67) vil frå måndag 3. desember fungere som ny sjef inntil selskapet har fått tilsett ein ny konsernsjef.

- Dette var ei oppgåve eg kjende at eg måtte seie ja til. Selskapet treng hjelp ein periode, og eg kjenner selskapet og kan hjelpe, sjølv om det er mykje å setje seg inn i etter tre år, seier Drabløs. Han begynte som viseadministrerande direktør i Ekornes i 1991, og var vidare adm. dir. frå midten av 90-talet og fram til han i 2009 overlet sjefsstolen til Øyvind Tørlen. I åra som er gått etter at han ga seg i Ekornes har Drabløs hatt ulike styreverv lokalt.

2009: Styreformann Olav Kjell Holtan (t.v.) saman med dåverande adm.dir. Nils-Fredrik Drabløs. No trer Drabløs mellombels inn att i jobben.