– Alt tyder på at vi vil ha produksjon i Sykkylven om tjue år også, men det kan vere færre tilsette enn dei 1.000 som Ekornes har i dag, seier administrerande direktør Nils-Fredrik Drabløs.

Dei siste tjue åra har den norske og sunnmørske møbelbransjen blitt mykje mindre. Ekornes er i så måte uvanleg. Selskapet har i perioden auka omsetninga frå om lag 400 millionar kroner til 2,7 milliardar. Ekornes har også mange fleire tilsette enn for tjue år sidan.

Finanskrisa har bidrege til at kampen om marknaden har blitt tilspissa. Svært mange bedrifter har ikkje klart å tene pengar dei seinare åra.

Ifølgje tal frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, fekk møbelprodusentane i fylket eit samla resultat før skatt på 430 millionar kroner i 2012. Resultatet kjem i all hovudsak frå Ekornes og Stokke. Resten av bransjen går samla sett i omtrent null.

– Møbelbransjen er ikkje noko klyngje lenger, men Ekornes er si eiga klyngje. Vi er sjølvforsynt på dei fleste område. I den grad vi får positive dekningsbidrag ved sjølv å produsere dei ulike komponentane, gjer vi det, seier Drabløs.

Les meir om utviklinga til den sunnmørske møbelbransjen i Sunnmørspostens eAvis her.