Med tårer i augo er det fleire som seier at dette er for nært.

Dei står anten selskapet eller eigarfamilien Sævik for nær til at dei vil stå fram.

Mafia?

Også tre pensjonistar på Fosnavåg Brygge gir si fulle støtte til Havila Shipping og Sævik-familien. To av dei var sjølvstendige næringsdrivande i sitt yrkesaktive liv, og seier dei veit kva det er å slåst for krona.

Er det kanskje ein utanlandsk rederimafia som prøver å få taket på Havila Shipping? spør den eine.

Ein brutal brottsjø

– Får vi då ein dominoeffekt som også tar andre reiarlag? spør Sverre Sande.

– Det har vore brottsjøar før. Men dette skjedde så fort. Ein brutal, skikkeleg brottsjø, legg han til.

– Det er ikkje sikkert det har vore så høge bølgjer før, seier Frank Frantzen. – Det ser ikkje heilt bra ut. Men eg reknar med at det rettar seg.

Norvald Brekke er den eldste av dei.

– Det har vore tøffe tak før også. Dette går truleg godt. Sunnmøringane rullar stein medan dei søv, seier han.

Samfunnsbyggjarar

Alle tre gir si støtte til reiarane i Herøy som har vore samfunnsbyggjarar i mange år.

– Det er ikkje lite dei har gjort, seier Franzen og snakkar om reiarlaga innan offshore og ringnot, ja eit samla næringsliv.

– Utan dei hadde vi ikkje hatt badeland, hotell, stadion. Det er reiarane som har bygt det, seier han og tenker på Sunnmørsbadet, Thon Hotel Fosnavåg og Havila Stadion.

Kven er obligasjonseigarane?

Sunnmørsposten er kjend med at bortimot 10 tilsette i Havila har obligasjonslån i selskapet. Avisa var tysdag i kontakt med to av dei, ein mann og ei kvinne. Ingen av dei ønskte å seie noko.

Havila Shipping sitt hovudkontor, også kalla «Diamanten», i gråvêr på Mjølstadneset tysdag. Foto: Staale Wattø

Fleire av dei tilsette i selskapet skal ha tatt opp banklån, som dei har lånt vidare til Havila med god rente, kanskje sju-åtte prosent eller meir. I gode tider ga desse obligasjonane ei fin avkastning. I dårlege tider kan pengane vere tapt.

Sunnmørsposten er ikkje kjend med om dei tilsette er blant obligasjonseigarane som faktisk ønskte å gå med på avtalen om refinansiering.

Begge framstår som lojale overfor selskapet dei er tilsett i, Havila Shipping.

– Det er Njål Sævik som skal uttale seg, seier begge to.

Alvorleg stemning

Næraste nabo til Havila Shipping på Mjølstadneset er underleverandøren Tess.

– Havila er ein av dei største kundane våre, seier Grethe Kobbenes Siglevik hos Tess på Mjølstadneset.

Ho legg ikkje skjul på at stemninga i det maritime miljøet ikkje er den beste for tida.

Grethe Kobbenes Siglevik og Ruben Relling jobbar i Tess, næraste nabo til Havila Shipping på Mjølstadneset. Foto: Staale Wattø

Kva meiner ho om situasjonen Havila er i?

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. For eg trur at det ordnar seg, seier Siglevik.

Men situasjonen er usikker. Ho har fleire spørsmål der ho gjerne skulle hatt svar:

– Beheld dei alle båtane? Beheld folka jobben sin?

Og så er det ringverknadene for Herøy-samfunnet. Det vil ho helst ikkje spekulere i.

Har stor sympati

– Det er ei drivkraft i utviklinga av heile det maritime miljøet som no kjempar for sin vidare eksistens, seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr.

– Om dei skulle miste krafta si, så vil det påverke heile samfunnet, seier han.

Goksøyr er ikkje det minste i tvil om at eigarane i Havila, Sævik-familien, har stor sympati i Herøy-samfunnet.

– Sævik har trigga nye aktørar som har sett at dei har lukkast. Det er mange som no har sympati og håper at dette går bra. Dei har ei haldning til det å byggje samfunnet, ei forvaltarhaldning som eg veit folk set pris på, seier ordføraren.

Veldig kritisk

Goksøyr seier han er alt for optimistisk til å male fanden på veggen.

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr. Foto: Staale Wattø

– Men det er ganske kritisk no. Veldig kritisk.

– Per Sævik er ein av dei verkelege drivarane. Eg greier ikkje å tenke eit scenario der han ikkje er med vidare. Men den krafta som dei no skulle brukt til å forhandle fram nye oppdrag til selskapet sitt, den går no med på å omstrukturere finansane.

– Det at bankane og Havila no har ein standstill-avtale, korleis tolkar du det?

– Det oppfattar eg som ei tillitserklæring, at dei har tru på at Havila skal lukkast, og at det skal kome til ei einigheit med obligasjonseigarane, meiner Goksøyr.

Goksøyr har såpass nær kontakt med Per Sævik at han meiner å vite at det veldig tøft no.

Flaggskipet «Havila Subsea» i opplag på Leinøya i Herøy. Foto: Staale Wattø

– Eg oppfattar det slik at Havila vil ha ei løysing på heile finanspakken, ei langsiktig løysing som inkluderer alle obligasjonslåna. Derfor er dette mykje tøffare enn ein skulle tru, seier Goksøyr.