Havila Jupiter får best betalt, skriv nett.no. I norske kroner utgjer døgnrata over 1,2 millionar kroner.

- Dette skjer av og til etter ein periode med dårleg vêr, og der oppdraga hopar seg litt opp, seier Havila-sjef Njål Sævik til nett.no.

Far Scorpion og Far Sapphire, to av Farstad Shipping sine ankerhandterarar, fekk måndag kontrakt med Esso Norge, for knapt 800.000 kroner døgnet.

For ei tid tilbake vart det sagt at fartøya treng meir enn 350.000 kroner pr. dag for å gå med overskot.

I følgje westshore.no er det nett no berre dei to ankerhandterarane Olympic Hera og BB Troll som er ledige i Norge.