- Nedbetaling av lån og obligasjonsgjeld, samt levering av to nybygg, har gitt betydeleg svekka arbeidskapital gjennom året. Selskapet har pågåande prosessar for å styrke likviditeten. Det er i løpet av 2015 innført fleire kostnadsprogram. Full effekt av tiltaka vil fyrst vise igjen frå årsskiftet 2016, skriv Olympic i årsrapporten.

Rekneskapen viser at rederiet no sitt att med 274 millionar i kontantar, medan dei for ett år sidan hadde heile 886 millionar.

Nedskrivingar av flåten og valutatap er med på å dra resultatet ned for Olympic Ship, og det Stig Remøy-kontrollerte konsernet Olympic Ship AS melder om driftsinntekter på 1,589 milliardar kroner i fjor.

Driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) enda på 774 millionar kroner (49 prosent), og resultat etter skatt enda med raude tal, minus 78 millionar kroner, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Les også:Kan gå tomme for penger i løpet av året Over 3000 stillinger borte hos offshorerederiene

Fjerde kvartal drog årsresultatet ned.

For fjerde kvartal oppnådde konsernet driftsinntekter på MNOK 390 med eit driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) på MNOK 192 (49 prosent). Resultatet etter skatt er MNOK -120.