Olympic Shipping har inngått kontakt med ein internasjonal kunde for skipa «Olympic Hercules», «Olympic Pegasus» og «Olympic Zeus», skriv selskapet i ei børsmelding måndag.

- Skipa sine oppdrag er prosjektarbeid i Vest-Afrika. Kontraktperiode for «Olympic Hercules» og «Olympic Pegasus» er inntil 24 veker inklusive opsjonar og ni veker inklusive opsjonar for «Olympic Zeus», går det fram av børsmeldinga.

For «Olympic Hera» er det inngått kontrakt med internasjonal kunde for oppdrag i Trinidad & Tobago. Antatt kontraktperiode er åtte veker.

Skipa, som alle er ankerhandterar (AHTS), har starta med oppdraga.