Nybygget ligg for tida heilt i ro Breisundet, sidan det er utstyret for dynamisk posisjonering som vert testa ut akkurat no.

– Vi er veldig imponert. Dette er verkeleg eit high-tech skip, med alt det siste av utstyr, seier Vitalis Cepov, som skal jobbe som overstyrmann når skipet kjem i drift på Gemini-feltet utanfor Nederland.

Både han og påtroppande kaptein, danske Mikael Nielsen, har jobba på tradisjonelle offshorebåtar tidlegare.

Mykje stillare

– Det første eg la merke til var at det er mykje stillare om bord her enn det eg er vant med. Og så er det lite vibrasjon. Så dette blir ein god og behageleg arbeidsplass, seier Nielsen.

Lengda er på 88 meter, og fartøyet er dermed i mellomklassen når det gjeld storleik. Men skipet er forholdsvis høgt, og på dekk dominerer ein gangway som skal få vedlikehaldsarbeidarar trygt over på installasjonane i vindmølleparken.

Under dekk er ein hangar der utstyr skal lagrast, og eventuelt reparerast. Det er også stor lugarkapasitet om bord, med 63 enkeltlugarar. Gemini-vindmølleparken ligg fem timars båttur frå land, og skipet skal gå mellom dei ulike vindmøllene.

– Vi blir ein kombinasjon av hotell og buss, seier Mikael Nielsen.

Fartøyet skal operere for Siemens, som har vore samarbeidspartnar i prosjektet saman med reiarlaget og Ulstein-gruppa.

X-akter

Skipet er det første med X-stern, ei vidareutvikling av X- baug for hekken.

Prøvetur Ulstein si siste nyskaping på prøvetur utanfor Hareid - det første med den karakteristiske Ulstein- baugforma både framme og akter. Foto: Staale Wattø

– Det er spennande å vere med på dette prosjektet, der vi har utvikla oss saman med kunden, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein-verft.

– Skipet skal arbeide i offshorevindsegmentet, og vi kjem til å følgje med på korleis denne marknaden utviklar seg. Vi er svært nøgde med å introdusere X-stern, då denne bidreg til å auke operasjonsvindauget til skipet og komforten og tryggleiken om bord, seier Sætre Kva skipet heiter vert førebels vakta som ei statshemmelegheit, etter ønskje frå reiarlaget, tyske Bernhard Schulte.