I arbeidet med å få til ei langsiktig løysing for kreditorane, har Olympic fått nok ei utsetjing på låna.

Det går fram av ei børsmelding frå selskapet måndag morgon.

Olympic inngjekk «standstill»-avtalen i juli, og i september vart avtalen forlenga med to veker.

No er avtalen forlenga med ytterlegare to veker, til 14. oktober, opplyser selskapet måndag morgon.

I børsmeldinga blir det understreka at drifta held fram som normalt, og at selskapet er opptatt av å behalde høg grad av service til kundane.

I arbeidet med å finne ei langsiktig løysing nyttar Olympic Shipping Fearnley Securities og EY som finansielle rådgjevarar og Wiersholm som juridisk rådgjevar.

Nyleg fekk Farstad Shipping forlenga «standstill»-avtalen med 41 dagar.