Når Farstad Shipping sine to nyaste forsyningsskip blir døypt på Festningskaien i Bergen i dag laurdag, er det ifølgje selskapet eit utstillingsvindauge av miljøteknologi frå Nordvestlandet.

– Farstad Shipping ønskjer å vere ein frontfigur i bruk av nyutvikla miljøteknologi, og vi beviser nok ein gong at vi tar klimautfordringa på alvor. Teknologien installert i Far Sun og Far Sygna er i verdstoppen, og er utvikla av våre tilsette og samarbeidspartnarar i den maritime klynga på Nordvestlandet. Eg er mektig imponert over kva dei har fått til, seier adm. direktør Karl-Johan Bakken i Farstad Shipping.

Kraftig utsleppsreduksjon

Selskapet melder at dei nye skipa er utstyrt med tre hovudmotorar kvar og siste generasjons dieselelektrisk framdriftssystem, som gir lavt forbruk og lave utslipp. Katalysatorar er installert på alle dieselmotorar, også på havneaggregatet.

– Straumgeneratorer med tilhøyrande katalysatorar installert om bord i Far Sun og Far Sygna vil åleine redusere NOx-utsleppa med over 90 prosent. Ut over dette kjem reduserte CO2 utslipp som ein konsekvens av svært lavt drivstofforbruk i kvar ein driftskondisjon, seier Børge Nakken, konserndirektør for teknologi og utvikling ved Farstad Shipping.

Tekniske data for Far SunTekniske data for Far Sygna

Tenker langsiktig

Karl-Johan Bakken framhever at det er viktig å tenke langsiktig, for å vere berekraftig også i framtida. Han er overbevist om at miljøteknologi er vegen å gå.

– Våre investeringar i miljøteknologi gjer oss også meir attraktive overfor våre kundar i form av lågare kostnader med både drivstoff og avgifter. For oss er dette ei investering for framtida, og gir ein «vinn-vinn» for både kundane våre og oss, ifølgje Bakken.

Dei nye forsyningsskipene har også «clean-design» klasse frå DNV GL, som betyr at alle tankar mot utvendig skrog berre inneheld sjø- eller ferskvatn, mens oljetankane er plassert innvendig i skroget. Dette reduserer faren for oljeutslepp ved ein potensiell skrogskade.

Skipa har også utstyr for reinsing av ballastvatn, for å hindre uønskt spreiing av marine mikroorganismar.

Døypt i Bergen

Far Sun og Far Sygna er begge tiltenkt ei sentral rolle i Nordsjøen, der dei no har tatt fatt på ein seks-årskontrakt for Statoil. Begge skipa er spesialbestilt av oljeselskapet, og har blant anna større kapasitetar enn det som er vanleg for tilsvarande forsyningsskip.

Far Sun er bygd ved Vard Langsten i Tomrefjord basert på skrog frå Vard Braila i Romania, og vart overlevert til Farstad Shipping i juli 2014. Far Sygna er bygget ved Vard Vung Tau i Vietnam og vart overlevert til Farstad Shipping i august 2014.

Begge skipa blir døypt laurdag klokka 15 i ein felles seremoni.

Kaptein på Far Sun er Raymond Myklebust frå Gimse, mens Espen Uran frå Averøya er kaptein på Far Sygna. Far Sun og Far Sygna sine gudmødre er høvesvis Bente Elisabeth Rolland og Monica Kallestadbakken, begge frå Statoil.