Det viser den førebelse årsrapporten frå selskapet.

Driftsinntektene enda på 1,544 (1.220) milliardar kroner. Driftsresultatet før avskrivingar (EBITDA) enda på 889 (566) millionar kroner.

Det gir ein margin på 58 (46) prosent.

Resultatet etter skatt er 351 millionar kroner. Det er meir ei dobling frå året før, då resultatet vart 142 millionar.

Utnyttingsgraden på flåten i 2014 var på 84 prosent.

Miljø

Olympic-flåten har vakse med åtte fartøy, eller meir enn 50 prosent, frå 2010 til 2014.

– Samtidig viser miljørekneskapet totalt lågare NOX-utslepp for 2014 enn for 2010. Dette er eit godt døme på at miljøvennlege operasjonar kan vere i samsvar med gode økonomiske resultat, skriv adm. dir. Stig Remøy i beretninga for fjerde kvartal.

– Når ein ser slike resultat av selskapet sine langsiktige miljøstrategiar, er det i seg sjølv motiverande for selskapet si vidare satsing. Sjølv om ein ikkje alltid oppnår kortsiktig gevinst av sine miljøinvesteringar, er det selskapet si erfaring at miljøsatsing kan lønne seg på lang sikt.

Subsea

Stig Remøy har tru på å satse innan subsea. Selskapet har to slike skip under bygging hjå Kleven Verft for levering i 1. halvår. Etter levering vil 15 av 23 skip kunne vere sysselsett innanfor subsea- og konstruksjonsmarknaden. Begge dei nye skipa er sikra finansiering.

Selskapet reknar likevel ikkje med at 2015 blir like godt som i fjor.

– Olympic såg ei svakare marknadsutvikling i fjerde kvartal, og forventar at den svekka oljeprisen siste halvår vi gje ein utfordrande marknadssituasjon framover, opplyser selskapet.

Kontraktsdekninga for 2015 er 60 prosent fast og 64 prosent inklusive opsjonar.

I flåten har Olympic fire supplyskip, fire ankerhandlarar, fire fleirbruksskip, sju subsea-skip (pluss to nye som blir levert i år), og to konstruksjonsskip.