Driftsinntektene bikka så vidt to milliardar kroner.

Fiskeri og krill

Olympic Holding består også av fiskeriaktivitet. Fiskeriprosjekta har ei positiv utvikling med høgare fiskeprisar og lavare energikostnader, skriv selskapet i årsmeldinga.

Grøn satsing

I offshore er to av tre skip i subesea- og konstruksjonsmarknaden, og selskapet har her ikkje møtt dei same utfordringar som enkelte andre offshore-reriarlag.

– Det gir ein viktig dynamikk, slik at vi kan jobbe både med fornybar energi og med andre subsea- og konstruksjonsoppdrag. Dette er med og sikrar selskapet sine verdiar, sa Olympic-sjef Stig Remøy til Sunnmørsposten tidlegare i år.

Restruktuerer

Med aktivitet i ulike verdsdelar ser selskapet behov for å omstrukturere selskapet, for å minimere skatterisiko. I 2015 vil selskapet selje Olympic Holding Chartering AS og brasilianske Olympic Marítima Ltd nedover i organisasjonen.