Havyard 831 SOV heiter den nye modellen som Havyard Design & Solutions i Fosnavåg skal designe og levere utstyr til.

– Skipet er mindre enn dei som har kome ut til no, kompakt og effektivt, men samtidig med god kapasitet til å ha med seg servicepersonell og utstyr. Med denne designen blir det lønsamt å betene enda mindre vindmølleparkar, og dette er eit segment vi ser potensial i å levere mange design til, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i ei pressemelding.

Skipet skal byggjast i Tyrkia, for levering til Esvagt siste halvdel av 2017. Skipet inngår i ei kontrakt med det danske vindkraftselskapet Vestas, og skal betene vindmølleparkane Nobelwind og Belwind.

Havyard har frå før designa serviceskipet Havyard 832 SOV. To slike skip blei levert frå Havyard Ship Technologys verft i Leirvik i Sogn første kvartal i år.

Hovuddata Havyard 831 SOV

Lengde: 58,5 mBreidde: 16,6 mFart: 12 knopInnreiiing: 36 personer

Dette er 25 meter kortare enn Havyard 832 SOV, som er 83 meter langt og har innreiing for 60 personar.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!