Desse skipa er bygt for å operere under ekstreme forhold, og dei har isbrytarklasse og maskinkraft som gjer at dei kan bryte ein meter tjukk is med tre knops fart, opplyser Havyard Ship Technology.

Havyard 843 Ice er også designa som ankerhandteringsfartøy med plattform forsyningsfunksjonar. Dette gjer at dei opererer som isbrytarar om vinteren, og som offshorefartøy på sommarstid.

Testa i 40 cm is

Det første skipet, Aleut, blei levert frå Leirvik i november 2015. Reiarlaget skal så langt vere godt fornøgde med båten.

– Til trass for at dette var ein prototype så har det vore veldig lite problem med båten, seier prosjektleiar i Havyard Ship Technology, Erlend Hatleberg.

– Aleut har ikkje fått testa kreftene sine på meir enn førti centimeter is, men det gjekk helt problemfritt, seier ein nøgd prosjektleiar.

Har allereie kontrakt

Isbrytarserien blir bygd for reiarlaget Femco, og bygg 129 frå Havyard Ship Technology skal leverast frå verftet i Leirvik i Sogn til Femco i oktober. Reiarlaget har alt inngått ein tiårs-kontrakt med ExxonMobil, og skipet skal operere på øya Sakhalin, som ligg i den nordlege delen av Stillehavet.

Denne andrer båten har fått namnet MV Normann.

To skip i slep

Både «Normann» og det siste søsterskipet «Pomor» skal vere klare til å slepast frå Cemre i Tyrkia i slutten av mars. Ved månadsskiftet april/mai er begge to venta å vere på plass i Leirvik klare for utrusting. Begge skipa er planlagt for levering i oktober 2016, og dette sikrar Havyard Leirvik arbeid i tida framover.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!