Dermed er nok eit skip med den velkjende baugen, X-bow, ute i arbeid.

Skipet er levert til reiarlaget Oceana Offshore og har tatt til på eit seks-årsoppdrag for oljeselskapet Petrobras.

Ulstein sin kontrakt med Oceana inkluderer design og ein omfattande hovudutstyrspakke, detaljdesign og innkjøpsstøtte.

Rolls-Royce Marine har levert vinsjane, og Brunvoll i Molde har levert trustarar. Også fleire andre bedrifter i den maritime næringa, til dømes Sperre Industrier, har levert utstyr til skipet, opplyser kommunikasjonssjef Lene Solheim i Ulstein Group.

Godt samarbeid

Eit systerskip er også under bygging ved verftet, og er planlagt ferdigstilt innan utgangen av 2. kvartal i år.

I talen ved skipsdåpen framheva verftsdirektør Paul Kempers kor godt skipet tek seg ut og det gode samarbeidet mellom Ulstein og verftet for å fullføre dette høg-kvalitetsskipet, skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

– Undervegs på prøveturen fekk eg fleire rapportar frå ingeniørane og kapteinen på dei gode resultata skipet gjorde på fart, drivstofforbruk og sjøeigenskapar, seier verftsdirektøren ifølgje Ulstein Group.