Fredag får reiarlaget Sølvtrans overlevert brønnbåten, og laurdag er det skipsdåp og fest på Sandsøya i Sande, der reiarlaget, som fyller 30 år, har utspring.

Det er Aas Mek. Verksted på Vestnes som har bygt brønnbåten. Dei har fredag sendt ut ei lang liste over underleverandørar. Nesten halvparten av leverandørane heldt til i Sunnmøre og Romsdal. Sjå liste under

Sølvtrans, som har hovudkontor i Ålesund, er verdas største brønnbåtreiarlag og driv transport av levande fisk, mest laks og ørret. Selskapet har i dag 19 fartøy, som i stor grad går på lange kontrakter med oppdrettsselskap i Norge, Skottland, Canada, Tasmania og Chile.

- Umiddelbart etter dåp og festlegheiter går båten til Skottland og inn på femårs-kontrakt for Marine Harvest sine oppdrettsanlegg der borte, opplyser adm.dir. Roger Halsebakk.

Halsebakk planlegg vidare vekst for selskapet, og har bestilt ytterlegare ein båt frå Aas Mek, i tillegg til to nye brønnbåtar frå Myklebust Verft i Sande.

Lokale leverandørar

Frå nordvest har desse levert utstyr til M/S Ronja Challenger, opplyser verftet:

Nød- og hamneaggregat: - Nogva Motorfabrikk AS, Søvik

Gir og propellutstyr: - Scana Volda.

Elektrisk: - Vik Elektro AS, Tomrefjord.

Elektronisk: - O. Øverland AS, Molde.

Innredningsarb.: - R&M Ship Interior AS, Molde.

Ventilasjon: - Wangsmo AS, Ålesund.

MOB-båt / kran: - Mare Safety AS, 6065 Ulsteinvik.

Sidepropellar: - Brunvoll AS, Molde.

Utv. dører: - Libra-Plast AS, Hareid.

Vakuumpumpeanlegg: - Havyard MMC AS, Fosnavåg.

Styremaskin: - Rolls Royce Marine AS, Tennfjord.

Manøversystem: - Scana Volda AS, Volda.

Maling: - International, Westing AS, Fosnavåg.

Ventil -/ rørutrustning: - Robinet AS, Ulsteinvik 70 00 90 50

Frå arkivet: Les dette intervjuet med adm.dir Roger Halsebakk i Sølvtrans.

M/S Ronja Challenger. Foto: Aas Mek. Verksted
M/S Ronja Challenger. Foto: Aas Mek. Verksted
M/S Ronja Challenger. Foto: Aas Mek. Verksted
M/S Ronja Challenger. Foto: Aas Mek. Verksted