Fartøyet, eit Havyard 832 MPV, skal i arbeid for det amerikanske oljeselskapet Hess.

– Vi har balansert det tekniske med det kommersielle, og slik kunne vi vinne ein oljekontrakt i ein svært tøff konkurranse, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane.

Kontrakten betyr arbeid både for Havyard Design & Solutions og Havyard Power & Systems i tillegg til fleire underleverandørar i regionen. Verdien på kontrakten er i overkant 100 millionar kroner, opplyser selskapet.

Skipet skal byggast ved verftet Cemre i Tyrkia.

Dette blir det sjette Havyard-skipet for det danske reiarlaget Esvagt. Dei andre kontraktane gjeld fire vindmølleskip og eit skip for mannskapsbytte.

– Gjennom det tette samarbeidet med Havyard veit vi at vi får skip som gir våre kundar sikre, innovative og effektive tenester, seier operasjonsdirektør i Esvagt, Kristian Ole Jakobsen, i ei pressemelding.