Nysatsinga vart lansert på Offshore Wind Journal-konferansen i London tysdag.

Teikning: Ulstein Group

I fjor haust varsla sunnmørske Ulstein og fransk-nederlandske SeaOwls at dei hadde eit nytt oppjekkbart fartøy under utvikling. Skipet skulle ta meir last enn ordinære fartøy.

Konseptet har fått namnet «SOUL» (SeaOwls ULstein), og er eit oppjekkbart skip som skal vere lettare i vekt enn vanlege jack-up-fartøy.

No viser dei altså det nye konseptet fram.

– Det korsforma strukturoppsettet gjer designløysinga meir enn 10 prosent lettare i vekt enn vanlege jack-up-fartøysdesign, skriv Ulstein i ei pressemelding.

Det ideelle er ein firkanta plattform med beina spreidde så mykje som mogleg.

Teikning: Ulstein Group

– Det nye med «Soul» er at beina er dreia 45 grader, slik at eitt bein er plassert framme og eitt bak, og eitt på kvar langside. Med dette arrangementet blir vekta til stålstrukturane kraftig reduserte. Ein kan då bygge større skip, ta større dekkslast og med ei lågare stålvekt, forklarer selskapet.

Offshore vind

Skipet har ei såkalla høgkapasitetskran, og dette bidreg til at operatørane med dette fartøyet kan nå nye nivå når det gjeld utbygginga av offshorevindparkar, heiter det vidare.

Konseptet skal kunne ta dei store løfta når neste generasjons vindturbinar (10-12 MW) skal installerast. Ved hjelp av «Soul» skal dette ta like kort tid som i dag går med til å installere 6-8 MW-turbinar.

Tore Ulstein er visekonsersjef og Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein. ARKIV. Foto: Marius Beck Dahle

– Utviklinga av dette nye jack-up-fartøyet er det neste logiske steg i strategien vår om å utvide designporteføljen vår og bli eit leiande selskap i å bidra til meir effektive løysingar i offshorevind-industrien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.

– Designområdet vårt i Nederland har omfattande erfaring innan tungløftsdesign. I samarbeid med SeaOwls, som har lang erfaring innan jack-up-teknologi, har partane kome fram til dette nyskapande konseptet som er basert på velprøvd teknologi, seier Ulstein vidare.

Høg dekkslast

Dei vanlege jack-up-fartøya har jack-up-beina i dei fire hjørna av skipet. Det gjer ifølgje Ulstein at det blir vanskeleg å konstruere skip over ein viss storleik og med design for å klare høge dekkslastar.

– Vi la merke til at dette skapte uvisse hos vindturbinprodusentar, -operatørar og -installatørar om korleis ein kan installere neste generasjon vindturbinar, då flytande fartøy ikkje er eit alternativ, seier Erik Snijders, grunnleggar og administrerande direktør i SeaOwls.

– Dermed gjekk vi tilbake til det optimale jack-up-designet, ein firkanta plattform med beina spreidde så mykje som mogleg. Ved å rotere plattforma 45 grader får ein ei naturleg bogeform med to av beina og krana på fartøyet si midtlinje.

– Denne tilsynelatande enkle vrien i designet opna for at vi også kunne gjere ei stor forbetring for korleis skipet kan utøve arbeidsoppgåvene sine, seier Bram Lambregts, viseadministrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV.

– Med hovudkrana rundt beinet i akterenden av skipet får ein ei optimal rekkevidd på hovuddekket og med høg løftekapasitet over sida, ifølgje Lambregts.