(Vikebladet Vestposten:) Det er arbeidarar ved Kleven-verfta i Ulstein og Gursken, Ulstein Verft, Larsnes Mekaniske Verkstad og eit verft i Flekkefjord som er ramma.

Vikebladet Vestposten har snakka med fleire av arbeidarane. Ingen av dei ønskjer å stå fram med namn.

Ifølgje ein av arbeidarane gjeld det rundt 130 arbeidarar. Førti av desse har den siste tida jobba med vindskipet hos Ulstein Verft.

– Situasjonen er veldig vanskeleg, vi har ikkje pengar til mat eller heimreise, fortel han til Vikebladet Vestposten.

Gjekk ut i streik

Det polske firmaet BSR Group AS er ein av underleverandørane til firmaet R & M Ship Interior AS, som held til i Molde.

Prosjektdirektør der, Kjetil Mathisen, stadfestar at underleverandøren har gått konkurs, men han ønskjer ikkje å kommentere saka utover det.

Arbeidarane som ikkje har fått løn på to månader, driv med snikring og metall- og isolasjonsarbeid på verfta.

– Vi bestemte oss for å legge ned arbeidet tysdag, fortel arbeidaren.

Sa nei

Arbeidaren seier at dei fekk tilbod om å jobbe for andre firma. Nokre takka ja, nokre takka nei til det.

– Eg og mange andre sa nei, fordi vi fryktar at vi då mistar rettane vi har gjennom statens lønsgaranti, og då hadde vi også brote kontrakten med BSR Group, seier arbeidaren.

– Familiane våre i Polen lid også under at vi ikkje har fått løn på lenge, fortel han. Dei prøver no å låne pengar til heimreise.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten