Etter tre års utvikling, og tre månader med testing, er Rolls-Royce sikker: Propellar med permanent-magnet-motor er meir effektive.

To slik propellar er no installert på forskingsfartøyet F/F Gunnerus for uttesting.

– Dei har opptil 13 prosent større verknadsgrad, samanlikna med tradisjonell teknologi, fortel prosjektleiar Gunnar Johnsen ved Rolls-Royce i Ulsteinvik.

– Og mannskapet stadfester blant anna stor reduksjon av vibrasjon og støy, seier han.

Dei nye propellane, kalla PM azimuth, er utvikla og bygt i Ulsteinvik.

Tar mindre plass

Permanent-magnet-teknologien gjer at propellane tar mindre plass.

– Elektromotoren sit i propellen, dermed tar den mindre plass og kan plasserast meir effektivt i båten, lenger fram eller lenger bak.

Motoren er utan gir.

Også nye materialar er tatt i bruk, utan at Johnsen vil avsløre kva slags materialar.

– På det meste var 10-15 ingeniørar og montørar i sving, fortel han. – Det har vore ein hektisk og læretid periode for alle. Vi er framfor den framste linja når det gjeld denne teknologien, ifølgje Johnsen.

Mange med på laget

Eit tosifra millionbeløp har det kosta. Johnsen vil ikkje seie nøyaktig kor mykje. Støtta dei har fått frå Forskingsrådet er på 14 millionar kroner. Også Høgskulen i Ålesund, Olympic Shipping, Det Norske Veritas, Marintek og NTNU er med som partnarar.

– PM azimuth har høg manøvreringsevne, betre plassutnytting, god trekkraft og lav støy og vibrasjon under alle forhold, ifølgje prosjektleiaren.

Gunnar Johnsen er prosjektleiar for PM azimuth hos Rolls-Royce. Foto: Privat