Med denne kontrakten vender Salthammer Båtbyggeri tilbake som eit av få verft i Norge som utfører heile byggeprosessen ved eige anlegg.

Det nye fartøyet skal i sin heilskap byggjast og ferdigstillast hos Salthammer på Vestnes.

Det tradisjonsrike båtbyggeriet har sidan tidleg på 90-talet vore underleverandør til verft i regionen, og det vil dei framleis vere.

Følg smp.no på Facebook

Nyutvikla i Tomrefjord

Fartøyet er nyutvikla av det maritime ingeniørselskapet Tomra Engineering AS. Båten blir bygt som servicefartøy for oppdrettsnæringa.

– Det 25 meter lange toskrog-fartøyet er optimalisert for serviceoppdrag mot havbruksinstallasjonar. Designen er utforma slik at fartøyet også vil vere svært godt eigna også til andre kystnære arbeidsoppgåver, skriv dei to selskapa i ei pressemelding.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

For små fartøy

Tomra Engineering meiner at dei fleste av fartøya som i dag betener dette segmentet både er for små, og at arrangement og løysningar ikkje tek hand om sikkerheit for skip og mannskap på ein tilfredsstillande måte.

Saka held fram under videoen

– Det nyutvikla fartøyet, CoastCat25, får stort lastedekk, vinsjar og kraner med høg kapasitet, og har i tillegg fleire nyutvikla og spesialtilpassa løysningar, opplyser dei to selskapa.

Kjøpar er reiarlaget Abyss i Kristiansund. Overlevering er i desember i år.

Salthammer Båtbyggeri ligg like ved sidan av Tresfjordbrua som er under bygging. Foto: Svein Bueide Kalvatn