Dei første hinta om at det kan gå mot endå ein runde med russiske styresmakter kom torsdag då sjefen for dei russiske veterinærstyresmaktene Aleksej Aleksejenko antyda overfor Bloomberg at dei kan kome til å innføre eit forbod mot norsk laks frå 1. januar 2014.

Dårleg kvalitet

BarentsObserver siterer fredag eit intervju med den russiske avisa Izvestia der veterinærsjefen seier at Noreg har eit elendig system for kvalitetskontroll og mattryggleik som har ført til at norsk fisk av dårleg kvalitet har hamna i Russland.Dette er langt frå første gong at russiske veterinærmyndigheiter truar med å stenge tilgangen for norsk laks inn i Russland. I 2005 og 2006 blei det innført full stopp av importen av frosen norsk laks. Fleire norske lakseeksportørar blei stengt ute frå det russiske marknaden, og det har vore mange rundar med kvalifisering av norske eksportørar.Seinast i juli i år trua russiske veterinærstyresmakter med å stenge norske eksportørar ute frå den russiske marknaden. Russland er den største enkeltmarknaden for norsk laks, og passerte i fjor ei omsetning av norsk sjømat på heile 6 milliardar kroner. (©NPK)