Tunnelen er eigentleg eit røyr støypt i betong. Han er 440 meter lang og skal hindre to fonner i å stengje vegen kvar vinter.

– Vi opnar Røyrtunnelen i løpet av desember. Førebuingane til asfalteringa er i gang no, fortel prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Det er Skanska som byggjer tunnelen.

Arbeidet tok til før ferien i fjor sommar.

– Det går med nesten 8.000 kubikk med betong og tusen tonn med armeringsjarn, fortel Stavseng.

Over tunnelen skal det planerast ut slik at det blir grøn dyrkamark over fylkesvegen.

Røyrtunnelen skal beskytte trafikantane mot Vassfonna og Røyrafonna, der iallfall den førstnemnde går kvar einaste vinter – rett nok ikkje kvar gong heilt over vegen.

I vinter som kjem kan ein berre gløyme dei.