– Gunvor Ulstein har gjennom rekruttering i eiga bedrift vore med på å fremje likestilling mellom menn og kvinner, seier leiar Eva Vinje Aurdal i likestillingsutvalet.

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut sin eigen likestillingspris. Prisen for 2015 blir delt ut under fylkestinget 12. oktober i Geiranger.

Ho er eit forbilde

– Som toppleiar innanfor næringslivet i fylket vårt er ho med på å fremje likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet. Gunvor Ulstein er eit viktig forbilde for kvinner. I eiga bedrift rekrutterer ho bevisst kvinner med kompetanse som bidreg til å gi viktige signal i høve likestilling mellom kvinner og menn i samfunnet, heiter det i grunngjevinga.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og direktør i Ulstein Shipping. Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har tidlegare vunne fleire næringslivsprisar for leiarskapet sitt.

Fylket opplyser at tildelinga vart bestemt i eit møte i likestillingutvalet 30. september.

– Vi er glade for å kunne gje denne prisen til Ulstein, som ikkje berre er eit forbilde her lokalt, men som også blir sett på som ein god leiar utanfor Møre og Romsdal, avsluttar Vinje Aurdal.