Frå før har staten løyvd 50 millionar kroner til ei totalrenovering av det ærverdige Kaarstad-huset (den gamle Lærarskulen) ved Høgskulen i Volda. Arbeidet er godt i gang.

Ved forslaget til statsbudsjett har regjeringa plussa på 15 millionar kroner til dette opprustingsarbeidet.

Desse midlane er forslått løyvde som del av regjeringa sin pakke for auke i sysselsetjinga.

Det er elles klart at HVO ikkje har fått midlar til auka tal på studieplassar, noko berre universiteta vert tilgodesett med i 2016. Derimot er det ein auke på 1,5 millionar kroner i overføringane til HVO, grunna utvida produksjon av studiepoeng.

Rektor Johann Roppen seier seg nøgd med pengane til Kaarstad-huset, men misnøgd med resten av budsjettet for Høgskulen sin del.