Nedlegging av tingretten, svekking av sjukehuset, redusert flytilbod og dyrare billettar.

Alt dette peikar Volda-ordførar Arild Iversen (KrF) på i eit brev han har sendt til statsminister Erna Solberg (H).

Han skriv at det enno er tid for regjeringa til å justere kursen og syte for breiare politisk oppslutning i særs viktige saker for landet.

Og han likar ikkje alle reformene som er varsla:

– Regjeringa omtalar gjerne reformene som modernisering, fornying og effektivisering av offentleg sektor. Ein viktig fellesnemnar slik den vert opplevd av mange er at regjeringa stimulerer til kraftig sentralisering, skriv Iversen.

Han meiner at i ei tid der mange står utan arbeid i privat næringsliv, burde regjeringa heller styrke offentleg sektor.