Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) la onsdag fram dei viktigaste punkta i statsbudsjettet og skatteendringane ved Ulstein-gruppa.

Politisk rådgiver Elnar Remi Holmen fortalde til smp.no tysdag, at Lien ville gå gjennom løyver i budsjettet, direkte retta mot den maritime næringa - men også punkt som er knytta til Møre og Romsdal.

Samferdsel: Regjeringa fekk applaus for HafastNæringslivstoppar: – Formueskatten gir ekstra utfordringarKleven: – Bedriftane må utnytte forskingsmidlar

Meir å lese under bilde

Møtte tillitsvald Olje. og energiminstar Tord Lien helser på tillitsvald Bjarne Pettersen i Fellesforbundet ved Ulstein-gruppa da statsråden kom til kystbyen onsdag. Foto: Marius Rosbach

Video: – Skattelette er det viktigaste for næringslivet.   - sjå intervju med statsråd Tord Lien til høgre for saka (under om du les på mobil)

Håpte på lengre permitteringar

Statsråden kom til eit kriseramma selskap, og starta med å skuffe dei tilsette som hadde håpa på ei utviding av permitteringsperioda.

Kring 65 tilsette er permittert i konsernet, og i månadsskiftet januar/februar vil ein betydeleg del av desse ha nådd grensa på 30 veker. Då må bedrifta anten seie dei opp, eller ta dei inn i arbeid att.

– Det viktigaste for oss tilsette, hadde vore ei utviding av perioden dei tilsette kan vere permittert, til 52 veker. For selskapet sin del, vil naturleg nok både selskapsskatt og formueskatt vere viktig, seier tillitsvald Bjarne Pettersen i Fellesforbundet.

Men etter å ha helst på statsråden, vart det kjapt klart at dei tilsette ikkje fekk innfridd sit høgaste ønske.

– Nei, når det gjelder dette, så vil vi ikkje foreslå ei utviding i dag. Vi ser at det er stor aktivitet ved verfta i dag, også er det sjølvsagt mørke skyar i horisonten, seier Tord Lien til smp.no før han startar si presentasjon.

Han kunne likevel ikkje så vekk ifrå at regjeringa kunne komme tilbake til dette på eit seinare tidspunkt.

Meir å lese under bilde

Møttast Styreleiar i Ulstein, Tore Ulstein, tok i mot statsråd Tord Lien då olje- og energiministaren kom til Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

960 mill. til næring og innovasjon

Lien seier regjeringa vil bruke 23 mer milliardar kroner av oljefondet, og gi skatttelette både til selskap og private.

– Inkludert i dette er ei målretta tiltakspakke for å motverke arbeidsledigheita, seier statsråden.

Pakka har ei ramme på 4 milliard, der kring 2,5 milliard går til veg- og jernbane.  960 millionar går til såkalla næring og innovasjon - der mykje kjem maritim næring til gode.

Konkrete punkt som gjekk på maritim næring:

* Vedlikehald av fartøy til sjøforsvaret - 320 mill.

* Opprusting/vedlikehald forskingsfartøy - 100 mill.

* Meir til grøn skipsfart - 40 mill.

* Meir til teknologiprogrammet Demo 2000 - 100 mill.

* Nytt fartøy til kystverket - midlar til oppstart - 88 mill.

Dei fleste av desse tiltaka har vore kjent på førehand, og vart lansert allereie då næringsministar Monica Mæland (H) la fram ei verftspakke tidlegare  i haust.

I tillegg kjem regjeringa med forslag som skal gi meir kompetanse og styrka konkurransekraft til norske rederi - 1,9 milliardar (gjeld endring NIS-register, nettoløn og fartsområde - men må godkjennast av ESA, journ. anm.) .

Kuttar selskapsskatten

Statsråden seier regjeringa vil senke selskapsskatten frå 27 prosent til 22 prosent innan 2018. Allereie i forslaget til neste års statsbudsjett, kuttast selskapsskatten til 25 prosent.

– Eg har ikkje møtt ein einaste bedriftsleiar som har fortald meg at dei vil ha auka skatt, fortel Lien, og la til at skattelette for private, vil gjere at folk vil jobbe meir.

Små endringar i formueskatt

Når det gjaldt formueskatten, ønskjer regjeringa berre mindre endringar. Framlegget inneberer redusert sats frå 0,85 prosent til 0,80 prosent - og eit auka bunnfradrag frå 1,2 millionar til 1,4 millionar.

– Med dei utfordringane norsk konkurranseutsett næringsliv står oppe i, og vil stå i framover, kan eg ikkje sjå at taiminga kunne vore betre, sa han som eit svar til at kritikarar meiner regjeringa bør vente med skattereforma.

Fleire folk  i arbeid - fleire ledige

Statsråden innleia med å trekke dei store linjene om ståa i økonomien og arbeidsmarknaden. Han peika på at nedgangen i første rekkje har ramma vestlandsfylka, og at regjeringa har sett utfordringane særleg den maritime næringa har.

Kommentar: Har hørt kriseropet

Men det er grunn til å merke seg at det var 22. 000 fleire menneske i jobb i haust, enn tilfellet var i fjor, påpeika Frp-statsråden.

Samstundes er det 6000 fleire ledige i år, samanlikna med i fjor. Mange av arbeidarar som er ramma, finn vi på Nordvestlandet.