Ein gong braut den næringslivstunge forsamlinga i Ulsteinvik ut i applaus under framlegginga av satsbudsjettet onsdag: Då dei tre fjordkryssingane langs E39 kom opp som eigne punkt.

Les også: La fram budsjettet - skuffa Ulstein-tilsette

Til saman ønskjer regjeringa å bruke 1,85 milliardar til å planlegge nye veger her til lands neste år. Midlane er ikkje fordelt på konkrete prosjekt, men Hafast, Møreaksen og Halsafjorden er nemnt som eigne punkt som skal få pengar.

– Leverer på samferdsel

Konsernsjef Gunvor Ulstein seier ho sett pris på at regjeringa har lagt inn planleggingsmidlar til fjordkryssinga Hafast, som gjer at det er muleg å halde trykket oppe på dette prosjektet.

– Eg synst regjeringa leverar veldig godt på samferdsel, det har vore veldig viktig for oss, seier ho etter å ha fått framlagt budsjettforslaget.

Ulstein er styreleiar i Hafast AS og lenge vore ein forkjempar for å få på plass vegsamband over Sulafjorden mellom Hareidlandet og Sula.

Video: Kjersti Kleven ønskjer meir til forsking i maritim næringHavila-sjefen: – Lettare å behalde norske sjøfolk

Meir å lese under bilde

Nøgd med samferdsel Konsernsjef Gunvor Ulstein er nøgd med korleis olje- og energiminister Tord Lien hans kollegaer leverar på samferdsel.

– Full framdrift på E39

Høgres stortingsrepresentant Helge Orten frå Midsund var også på plass i Ulsteinvik, og påpeiker at regjeringa foreslår å auke såkalla planleggingsmidlar med 50 prosent til veg.

Det kjem ikkje minst E39 langs kysten til gode - inkludert dei tre store fjordkryssingane: Hafast, Møreaksen og Halsafjorden.

– E39 gjennom heile Møre og Romsdal inkludert dei tre fjordkryssingane , vil ha full framdrift med desse midla, påpeiker Orten.

Framleis utfordringar på fylkesvegene

Orten seier det vart brukt for lite pengar på å planlegge veg i 2011 og 2012:

– Så løfta vi dette betydeleg, og det har aldri vore brukt meir pengar på å planlegge veg her til lands, legg han til.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Orten meiner at ein med dette forslaget vil reduserer forfallet på riksveger, og redusere etterslepet - men at ein framleis vil ha ei utfordring når det kjem til vedlikehald av fylkesveger.

– Utfordringa er størst på fylkesvegene, så vi må halde fram opptrappinga, seier Orten.

Konkrete tiltak på samferdsel for Møre og Romsdal:

* Kystforvaltning: 341 millionar til farledsutbetringar - mellom anna gjennomføring av innsegling nordfrå til Ålesund med oppstart i 2016.

* 81 millionar til skredsikring for E136 Dombås-Ålesund. Dølsteinfonna og Fantebraute i Rauma skal prioriterast.

* Ombygging Skorgenkrysset mellom E136/39 i Vestnes, og tiltak mot utforkøyringsulukker på strekninga Flatmark-Skiri i Rauma.

* Utbetring av Innfjordtunnelen og Måndaltunnelen på E136 i Rauma og Ellingsøytunnelen/Valderøytunnelen i Ålesund og Giske.