Regjeringa føreslår derfor 50 rekrutteringsstillingar til innføring av femårig lærarutdanning, der halvparten blir fasa ut etter ein periode.

Ingeniørar skal bli lærarar

Regjeringa føreslår dessutan å løyve 38,3 millionar kroner til 350 nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Det skal gi ingeniørar og andre med realfagskompetanse ein veg inn i læraryrket.

– Vi treng fleire realistar inn i skolen og kjem til å prioritere søkarar med teknologisk fagbakgrunn eller utdanning i matematikk, naturfag og teknologi frå område med aukande arbeidsløyse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.