Det var i forbindelse med arrangementet Fosnavåg Rock i juni i år at skjenkekontrollørane skal ha observert mange tilfelle av brot på alkohollova. Thon Hotell Fosnavåg stod for skjenkinga under arrangementet.

Spesielt på fredagen skal det ha vore ille. I sakstilrådinga til formannskapet i Herøy, som neste tysdag skal vedta kva straff hotellet skal få, er mange tilfelle av personer som var sterkt rusa detaljert skildra.

Gunther Dahler er hotelldirektør og var ansvarleg for skjenkinga ved arrangementet. Han er sterkt usamd i konklusjonen frå skjenkekontrollørane og tilrådinga til formannskapet.

– Kommunen tek ikkje høgde for at vi har gitt seriøse tilbakemeldingar på det skjenkekontrollørane har skrive. Våre tilbakemeldingar er godt grunngjeve. Eg stiller meg undrande til at Herøy kommune vel å sjå bort i frå våre synspunkt til fordel for observasjonar gjort av ein person. For meg verkar det nesten som om nokon har ein agenda mot oss. Eg veit ikkje.

Usamd

Thon Hotell Fosnavåg har vore i fleire møter med kommunen etter festivalen. Dei meiner å kunne tilbakevise dei fleste av observasjonane som vart gjort av skjenkekontrollørane, men i tilrådinga så konkluderer kommuneadministrasjonen med at alle merknadene frå skjenkekontrollørane er brot på alkohollova.

Sakens kjerne er at Dahler meiner at Herøy kommune ikkje har tatt høgde for tilbakemeldingane som er gjort i tilsvar til merknadane frå skjenkekontrollørane. Han er heller ikkje nøgd med opptredenen til skjenkekontrollørane, som var innleigd frå eit sikkerheitsselskap.

– Det kan vere mine auge som ser det slik. Då skjenkekontrolløren ga seg til kjenne natt til laurdag hadde vi eit oppsummeringsmøte om korleis det hadde gått fredagen. Då verka det som han var veldig ute etter å ta dei som hadde vakthald for oss. Det var klaging og negative tilbakemeldingar på alt frå holdning til handtering. Han sa også «ved liknande arrangement hadde vi handtert det på heilt andre måtar», seier Dahler.

– Du stiller spørsmål ved integriteten deira?

– Eg er på kanten til å gjere det, på bakgrunn av handteringa og dei påstandane som har kome opp. Dette kjem fram frå den aller første  dialogen vi hadde med kommunen om rapporten. Det er rom for vurdering og tolking av dei observasjonane som er gjort. Ein kan sikkert stille spørsmål etter ei helg der 3-4000 menneske var innom, men om det var så alvorleg som det står i rapporten skulle man tru at dei hadde tatt skjenkeløyva frå oss med ein gong, seier Dahler.

Følg Sunnmørsposten på Facebook

Veldig alvorleg

Han påpeker at dei sidan opning av hotellet har hatt plettfri vandel i tilknyting til skjenkeløyvet.

Herøy kommune arbeider etter eit prikkbelastingssystem. Der kan kommunen gje tre prikkar ved alvorlege brot på alkoholloven, som om det vert gjeve alkoholservering til eit bord der det oppheld seg ein openbart rusa person, medan det vert gjeve åtte prikkar når det vert skjenkt eller selt alkohol til ein openbart rusa person.

11 prikkar

I kommunens tilråding til formannskapet konkluderast det med at det er grunnlag for 11 prikkar i denne saka. Då vert skjenkeløyvet inndratt i fire veker, ifølgje reglementet.

– Om vi mister skjenkeløyvet i fire veker er det veldig alvorleg. Vi har visst om dette ei stund no, og har lagt det inn i planane framover. Det er viktig for meg å få fram at dette ikkje vil få konsekvensar for dei som har bestilt julebord eller arrangement hos oss den kommande tida. I dialog med kommunen har vi kome fram til at om det vert stenging, så vil den vare frå 20. desember, seier han.

Les flere nyheiter frå Søre her

Vil vurdere å klage

Men fram til då vil hotellsjefen kjempe imot inndraginga av skjenkeløyvet.

– Vi vil vurdere å ta saken vidare til fylkesmannen om formannskapet står på den innstillinga som er gjort, seier han.

Avvika som vart observert under Fosnavåg Rock gjeld at det var personar som var openbart påverka av rusmiddel i lokalane, at personar som var openbart påverka av rusmiddel ikkje vart fjerna, at openbart påverka personer ikkje vart fjerna før vidare servering, og at det vart skjenka til personer som openbart var påverka av rusmiddel.

<strong>Nettverk:</strong> Hotelldirektør Gunther Dahler meiner å kunne tilbakevise merknadane frå skjenkekontrollørane. Arkivfoto: Anne Mari Tomasgard