Sunnmøre politidistrikt melder at det brenn i ei garasje i Volda. Naudetatane er på veg til staden.

Rundt klokka 22.15 melder politiet at naudetatane er på plass.

Har kontroll

Brannmeister Kjetil Iversen ved 110-sentralen seier til smp.no at dei no har kontroll på brannen og at den er sløkt.

– Brannen var i ein garasje i underetasjen til ein privat bustad. Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent, seier Iversen.

Ingen skadd

110-sentralen fekk melding klokka 21.57. Etter det Iversen veit, er ingen skadd.

– Det var folk i huset då det starta å brenne, men det var ein leigebuar som oppdaga det, seier Iversen til smp.no.

Foto: GULESIDER KART