Rykande ferske bedekningstal viser at pilene etter fleire år med nedgang no peikar oppover igjen for fjordhest og dølahest. I 2015 har det vore 226 bedekningar mot 150 i 2015, melder Fjordhest.no.

– Dette er svært gledelege tal, seier leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, i ei pressemelding.

Leiaren påpeikar at dette likevel ikkje er noko sovepute for dei nasjonale hesterasane.

– Tala varierer år for år. Vi er avhengige av at oppdrettarane fører hoppene til hingst, og at dei får selt føla sine. Talet bedekningar er ikkje det same som talet på fødde føl, så vi må framleis arbeide aktivt.