Det er Møre-Nytt som har granska Ørstvassdraget Elveeigarlag sin fangstrapport for inneverande sesong. Denne starta den 15. juni og varte ut juli. Leiar i elveeigarlaget kan ikkje anna enn skryte:

– Fisket syner ein svært god sesong, seier han til lokalavisa. Den totale fangsten er utrekna til å vere ca 2,8 tonn. Fordelt på 919 fisk, vert dette eit snitt på temmeleg nøyaktig tre kilo blank per blankfisk.

Det gode resultatet må også sjåast i lys av at det var restriksjonar på kor mykje kvar fiskar kunne drage på land. Desse var maks to fisk per døgn, og maksimalt ti fiskar på heile sesongen. I tillegg var vassdraget nattesengt deler av sesongen.